Merkelapp-arkiv: vottar

Steget over dørstokken = heftig vottespøt!

Dørstokkmila er lang her i heimen. For ikkje å snakka om at dørstokken i seg sjølv er ganske høg. Me har snakka om at me har lyst å gå meir i fjellet men det er vanskeleg å omsetja ord i handling. Så då Mannen på impuls reserverer ei hytte på Folgefonnshalvøya til haustferien, må eg til pers. Sidan eg faktisk er i løna arbeid så må kvart einaste ledige minutt av dagen nyttast. Til å spøta vottar. I fleirtal.

Eg spøta på bussen. Heime. På foreldremøter. Til og med då me åt føremiddagsmat på jobb, hadde eg med spøtet mitt. Eg vart ferdig og me hadde alle med vottar på fjellet. Dei klassiske vottane til Storebror og megsjølv er enkle og raske å spøta. Vottane til Maiblomen var det verre med. Det tok meg ein heil kveld før eg fann ut korleis eg kunne spøta patent på rundpinne (eller med fem pinnar som eg gjorde). Oppskrifta påstod eg skulle spøta fram og attende og sy saman etterpå. Eg gjorde eit forsøk og fekk det ikkje til. Iherdig googling gjorde at eg fekk hjelp. Og det var jo til og med enkelt 1. Eg gjekk ikkje så godt overeins med garn, pinnar og strikkefasthet. Ikkje denne denne gongen heller. Så eg måtte verkeleg triksa med kor mange maskar eg skulle leggja opp og kor mange omgongar eg skulle spøta for å få vottar som var passe store. Eg er veldig nøgd med at dei har eit langt brot som er lett å trekka oppå utekleda. Eg er ikkje fullt så nøgd med avsluttinga på vottane. Dei er felt i ein spiss. Eg forkorta han noko men ser at eg må rundfella vottane dersom eg skal spøta dei att seinare.

Vottar

Vottar

Vottefakta

  • Klassiske i storleik 8-10 år: 37 g Ask frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Spøta på pinnar nr 4,0 mm.
  • Klassiske i storleik 8-10 år: 29 g Kauni 8/2. Spøta på pinnar nr 4,0 mm.
  • Klassiske i medium dame: 34 gram Kauni 8/2. Spøta på pinnar nr 4,0 mm.
  • Bjalla i storleik 4 år: 53 gram Léttlopi frå Istex. Spøta på pinnar nr 3,5 og 4,5.

Dei klassiske vottane er ei gratisoppskrift. Ravelry og Free Vintage knitting.
Bjalla er henta frå den danske utgåva av boka Islandsk strikk av Oddný S. Jónsdóttir.


  1. eg tek sjølvkritikk for ikkje å ha teke vare på lenka som forklarte dette så fint 

Kom Mai Du Skjønne Milde

Kom, mai, du skjønne, milde,
gjør skogen atter grønn,
og la ved bekk og kilde
fiolen blomstre skjønn!
Hvor ville jeg dog gjerne
at jeg igjen deg så!
Akk, kjære mai, hvor gjerne
gad jeg i marken gå!

Om vint’ren kan man have
vel mangt et tidsfordriv;
man kan i sneen trave –
å ja, et lystig liv!
Men når seg lerken svinger
mot sky med liflig slag,
på engen om å springe –
det er en annen sak!

Kom derfor, mai, du milde,
gjør skogen atter grønn,
og la ved bekk og kilde
fiolen blomstre skjønn!
Hvor ville jeg dog gjerne
at jeg igjen deg så!
Akk, kjære mai, hvor gjerne
gad jeg i marken gå!

Tekst: D.Jæger
Mel: W.A.Mozart

TULL og TØYS!

Det er korkje skjønt eller mildt ute no altså. Eller sagt med facebookfarsotten siste døgeret:

«Mai er avlyst på grunn av tekniske
problemer. Vi sender derfor en reprise av februar
til feilen er ordnet», melder drittvær.no

 

Maiblomen  har blitt ein ekte strilagut og køyre på traktoren sin når me er ute (John Deere, sjølvsagt). Køyre og køyre – han sit og held seg fast i rattet og eg må dra. Når det regnar og bles og er så surt som det har vore dei siste dagane, så blir fingrane iskalde og raude. Og eg har ikkje hjarta til å sjå på dei kalde små henda hans. Rillestrikka vottar frå Strikk til Nøstebarn er raske å laga. Det er dei same eg laga i full fart til Storebror før han reiste på vinterferie hos farmor og farfar og no har altså Maiblomen fått eit par i forseinka eittårsgåve. Dei er spøta i 2-tråds merino frå Askeladen (Nøstebarn) i fargane rust og mørk grøn. Dei same som var i Otto’en.

Eg må be om orsaking for ynskjet eg uttrykte i april då eg hadde spøta nyfødtaviatrix. Hadde eg visst konsekvensane av det eg då sa, så hadde eg aldri håpa på ein kald vår.

Rosa og kaprifolen står grøn og fin. Og det er så  surt og kaldt ute.

Strilagut på traktoren sin. Han kunne køyrt heile dagen slik som dette. Men eg er ikkje heilt enig altså.

Fortare mamma. FORTARE!

Vinterferievottar

Vinteren her på Strilalandet har ikkje vore så veldig kvit. Det har akkurat vore nok snø til eit par turar i akebakken; ein tur kor hundane våre trakk akebrett og to rundar kring huset vårt på ski. Med andre ord har ikkje vintertøyet vore det mest nytta tøyet denne vinteren. Men når Storebror skal på vinterferie til farmor og farfar, som har godt med snø, så måtte eg kasta meg rundt og ordna det som mangla.

Både Storebror og eg er veldig glad i Hestravottane våre. Og det fine er at ullvottane inni kan bytast ut når dei er våte eller utslitne. No har det ikkje vore så mykje vottever her at ullvottane er utslitne, det er meir sannsynleg at dei vert våte. Før Storebror sat seg på flyet måtte eg altså spøta han eit par vottar.

Sidan eg trengte eit spøt som tok kort tid å fullføra og som eg hadde garn til enda eg med Rillestrikka vottar frå boka Strikk til Nøstebarn. Vottane er som namnet seier, rillespøta og sydd saman i kanten til slutt. Eg har spøta dei på pinnar 3,5 og 4,0 mm med dobbel tråd Filcolana New Zealand Lammeuld i fargane Curry (#311) og Anthracite (#122). Totalt gjekk det med 20 g av kvar farge til storleik 6-8 år.

 

 

Vottar i August

Storebror i huset er veldig glad i ull og i fargerike klede. Då me var på besøk hos Oldemor så kom han med ynskje om nye vottar til hausten. Det er ofte sur vind i tillegg til regnet her på Strilalandet, så ullvottar bles det ofte gjennom. Så då vart det nok ein gong at eg gjere noko for aller fyrste gong – tova vottar.

Vottane er spøta i Hjertegarn Incaull og fargane er perfekte for ein gut som er glad i fargar. Her er favorittfargane hans samla – oransje og lilla med litt rosa i tillegg.

Vottane er spøta i storleik 7-9 år og skulle absolutt vore passelege til ein liten 6-åring. Diverre tova incaulla så kraftig (på 40 gradar)  at vottane er for små til Storebror. Då må dei anten gjevast vekk eller dei får liggje og vente til Maiblomen har vakse i dei.