Merkelapp-arkiv: sjal

Rockefeller i Canada

Medan andre laga julekaker, vaska hus og sprang frå den eine avsluttinga til den andre, så var eg i Canada. Jobb kombinert med litt ferie. Den perfekte husmorferien med andre ord.

Eg deltok på konferansen Arctic Change 2014 i Ottawa, Canada. Her presenterte eg min del av forskingsprosjektet Polarisation.

IMG_1944

Eg drakk ikkje berre vin på konferansen. Eg spøta óg.  Maiblomen skal få Villsauene på Runde av Ann Myhre/Pinneguri og dette var perfekt reise- og konferansespøt. Lange flyreiser og fleire timar på konferanse og eg vart ferdig med bolen og det eine ermet. Trøya er spøta i Rauma finull

IMG_1673

I tillegg til å vitja gamle kjente medan eg var i Canada, så måtte eg sjekka ut dei lokale garnselgjarane. Og eg kom heim med nokre fantastiske skattar. Handfarga og handspunne garn samt maskemarkørar kjøpt på Wabi-Sabi. Hadde ikkje kofferten allereie vore full, så hadde eg kjøpt med ein rokk i reiseutgåve.

IMG_1667

Det er over to år sidan eg var med på ein mysteriespøt, mystery knitalong, på Ravelry. Sjal i Stephen West sitt lett attkjennande geometriske design. Det tok to år frå eg var ferdig med sjalet til eg tok meg tid til å festa trådane. Når sjalet no var med på husmorferie til Ottawa Valley, så fekk eg endeleg teke bilete av det.
IMG_1711

IMG_1699

IMG_1697

 

Rockefeller

  • Isager Strik Spinni, Brun 60
  • Isager Strik Spinni Tweed, Raud 28S
  • Pinnar nr 3

Rockefeller er designa av Stephen West, westknits.

Rille-Trille

To raude. To brune. To raude. Og sånn går det. I alle fall i teorien.

Djises, kor vanskeleg kan det vera? Rillespøt og to riller i kvar farge, burde jo vore enkelt nok til trass for at eg ser fjernsyn medan eg spøte. To raude, to brune. To raude, to brune.

Men det er jo nær sagt umogleg. No har eg for tredje gong måtta rekka opp delar av sjalet eg spøtar. Blir jo aldri ferdig på denne måten

20121016-090047.jpg

To raude. To brune. To raude. To brune. Ei raud. To brune. To raude.

Peacock Shawlette – eit Påfuglsjal

Eg har ei snill mamma. Ei mamma som nok er som mange andre mødre, vanskelg å kjøpa gåver til. Stort sett så ynskjer ho seg «ei snill jente» og det har ho fått: symbolgåve til Røde Kors som er organisasjonen i hjartet hennar.

Mamma blei 75 år no i juni og då måtte ho helst få ei gåve som er betre enn «snill jente». Ho liker godt trekantsjalet mitt MacKay og kunne tenkt seg eit sjølv. MacKay er spøta i relativt tjukt garn så det er varmt og godt men ikkje så veldig pynta.  Eg har ynskja spøta Peacock Shawlette (Ravelry-lenke) av Kitman Figueroa ei stund men har ikkje prioritert sjal til meg sjølv. Med andre ord kunne eg no kombinera gåve til mamma med å spøta påfuglsjalet. Eg kjøpte garn frå Dornröschen-Wolle, eit tynt garn i ull-silkeblanding med 600 meter på 100 gram. Fargen vart semi-solid grå, ein lys gråmelert farge.

Sjalet var raskt å spøta og sett i ettertid burde eg lese litt betre på prosjektskildringane på Ravelry. Dei saman med namnet ville gjeve meg ein indikasjon på at sjalet ikkje er av dei største og mamma ynskja seg eit stort trekantsjal. Sjalet er spøta ved å leggja opp heile blondekanten og deretter spøta oppover, og fella, mot midten på nakken. Såleis går det ikkje an å gjera sjalet større ved å spøta lenger og auka fleire gonger slik eit sjal som er spøta frå tupp til nakkekant er. Etter å ha tenkt meg om ei døger så rakk eg opp att heile det ferdige sjalet og la opp fleire masker. Oppskrifta har lagt opp med 273 masker så i forsøk to auka eg til 345 masker og fekk tre ekstra mønsterrapportar på kvar side av midten. Før eg blokka det så var det heller lite og krøllete men blokkinga gjorde susen og sjalet var perfekt.

Eg nytta 80 g garn og sjalet vart 160 cm breitt og 90 cm frå tuppen og opp til nakken.

 

Starta på Påfuglsjalet i april

Oppspent til tørk. Påfuglmønsteret kjem fram

Peacock Shawlette

Peacock Shawlette

Peacock Shawlette

Leikeplasspøt

Eg skal vera heilt ærleg og sei det som det er. Å vera med på leikeplassen er ganske kjedeleg. I alle fall når det er forventa at eg skal vera med i leiken.

Heldigvis er Maiblomen relativt sjølvgåande og krev ikkje så mykje merksemd anna enn å få stadfesta at e er der og eg ser han. I dag hadde eg med spøtet mitt og fekk gjort ganske masse medan me var der. Neste gong må eg ta med eit som tåle litt meir enn
Peacock Shawlette.

Akkurat slik er det

For tida spøte eg Peacock Shawlette, eit trekantsjal i blondespøt. Blondespøt kan vera ei utfordring – følgja mønsterdiagrammet og kva når ein må rekka opp? Krise. Eg har akkurat rokke opp alt eg spøta i går. Og det utan å nytta hjelpetråd.

Så når eg sit i sofaen og er passe sur, så får eg tilsendt ein nettteikneserie om spøting. Og det er akkurat slik det er. Worstedforwear av Josh og Rachel Anderson