Merkelapp-arkiv: rundfelling

Den tause våren

Den tause våren. Silent Spring. Skrive av Rachel Carson og kom ut i 1962. Boka tek for seg dei skadlege sidene av DDT på miljøet og spesielt på fuglane. Den tause våren hadde ein enorm påverknad og vart starten på eit kraftig miljøengasjement. Arbeidet vart belønna – DDT vart forbode i land etter land. Det kom lovar og forskrifter vedrørande bruk av sprøytemiddel i landbruket.

Framleis er sprøytemiddel ein trussel mot fisk, fugl og amfibiar. Men ein ny og større trussel, er den globale temperaturendringa. Når havtemperaturane endrar seg vil plankton, krepsedyr og fisk flytta seg til områder kor temperaturen er optimal. Det høyres ikkje ut som eit problem. Me har trass alt båtar og kan reisa over store distansar for å fiska. Fuglane derimot har ikkje same mogleikar til å reisa lenger og lenger for å skaffa seg fisk. Kva skjer i fuglefjella våre då?

Lundefuglar! Kjenneteiknet på Runde og Sunnmøre. Puffins. Flust av dei på Shetland. Eg har spøta genseren Puffin av Kate Davies. Oppskrifta er henta frå boka Colours of Shetland og fargane og mønsteret er inspirert av lundefuglane. Genseren vart spøta i Finull frå Rauma, eit perfekt garn å erstatta det orginale Jamieson & Smith 2 Ply Jumper Weight med. Eg var ferdig for lenge sidan med genseren men har berre ikkje fått teke bilete av han.

Puffin har vorte ein favoritt. Han er varm og samstundes perfekt til sumarbruk på litt kjølege dagar. Akkurat passe tjukk til å ha under goretexjakka.

Kom deg ut-dagen til Turlaget var perfekt mogleik for å få teke bilete. Ute. Det er sol. Haust. Ullgenser er påkrevd. Ingen fuglefjell her på Strilalandet og heller ingen observasjonar av havørna denne dagen.

Puffin 1

Puffin 2

Puffin 3

 

Verur – islandsgensar til Storebror

Ferie! Ingen jobb. Ikkje gjera noko ting. Inga vekkerklokke. Leggja meg når eg vil og ikkje uroa meg for noko som helst.

Islandsk strik av Oddný S. Jónsdóttir

Me pakka bilen for tre veker ferie. Full bil av fintøy og goretex, ull og badetøy, soveposar og liggeunderlag, stormkjøken og lavvo. Og garn! Masse garn. Klare for tre veker på vegen – fjellturar og slektstreff.

Islandsk strik er full av fine oppskrifter til både born og vaksne og Storebror hadde funne seg ein gensar her. Verur, av Védís Jónsdóttir, er ein tradisjonell islandsgensar. Mønster nede på bolen og erma og rundfelling med mønster.

Det er heilt fantastisk å kunna spøta når eg er passasjer i bil. Ikkje følgja med, bare slappa av. Rundt og rundt og av og til sjekka mønsteret. Og når det er ingen jobb å tenka på, og eg kan dela ansvaret for borna mine med nokon andre, så er det masse tid til å spøta.

Gensaren til Storebror var rask å spøta. Han er spøta i Léttlopi frå Istex på pinnar 4,5. Eg hadde rekna med å nytta lengre tid enn eg gjorde, men heldigvis hadde eg med meir garn 🙂

Verur

Varmt og fint i Norrland, Sverige. Storebror blir tvinga til å vera modell for den nye gensaren sin.

 

 

PS. Det vart ingen fjellturar. Me enda som klimaflyktningar. Fyrst til Norrland i Sverige og deretter Inderøya i Nord-Trøndelag. Bare late feriedagar.