Merkelapp-arkiv: nøstebarn

Haustferiespøt

Haustferien kom og både vottar og anna ulltøy vart pakka. Det regna godt då me køyrde til Herand i Jondal kommune. Og regnet haldt fram nesten heile vegen til Tostølen. Me hadde lånt hytte gjennom inatur.no, ei lita hytte på 800 moh. Turen er skildra hos Jondal Turistinformasjon og kart og gps-fil er å finna på lommekjent.no.

Etter mange timer til fots kom me endeleg fram! Tostøl ved Tostølvatnet. Etter ein dopause og nokre kjeks måtte eg retunera eit par km for å henta sekken min. Minstemann (3 år) var så sliten og orka ikkje gå lenger i regnet så han måtte på ryggen. Han har vorte for stor til å sitja på magen synte deg seg, så sekken måtte venta. Då eg kom attende til Tostøl for andre gong den kvelden var hytta varm og middagen ferdig. Heilt fantastisk!

Tostøl i Herand.

Hytta låg heilt perfekt til for fisking og rykta tilsa at det skulle vera godt med fisk i vatnet. Heldigvis hadde me ikkje satsa på at sjølvfanga fisk skulle vera ein del av middagen.

Klar for fisketur

Yngstemann hadde ikkje heilt tolmodet til å fiska. Og eg forstår han så godt. Det er KJEDELEG å fiska. Kjempekjedeleg. Derimot klarte han å fanga ei mamma.

Eg har fanga ein mamma!

Eg prøvde å sløva mest mogleg  inne. Kvalitetssløving med spøt. Eg hadde med Silkegenser frå Strikk meir til nøstebarn til Storebror. Fin ferie og nesten ferdig med bolen den tida med var på hytta.

Haustferiespøtet

Det synte seg at det var noko feil med lengda på turen. Det står oppgjeve at han er 4,8 km. Men både GPSen og runkeeper påstår at turen er 5.5 km lang. Storebror såg me knapt nok, kun ved start matpause og ved bilen att. Treåringen gjekk heile vegen sjølv.

På veg frå Tostøl til Våhaug kor bilen sto parkert

Før me reiste, så hadde eg spøta vottar og halsar til dei. Fiskarhalsar frå Strikk meir til nøstebarn. Eg tenkte dei ville vera perfekt å ha under hetta dersom det regna.

Fiskarhals2a
Fiskarhals1a
Fiskarhals 1 og 2

 

Fiskarhals

  • Fiskarhals, storleik vaksen: 54 g Kauni effektgarn spøta på pinnar 4,0 mm
  • Fiskarhals, storleik born: 51 g Nøstebarn 3-tråds merinoull spøta på pinnar 4,0 mm

Oppskrifta på Fiskarhals er henta frå Strikk meir til nøstebarn av Kathrine Gregersen.

 

 

Nyttårsgensar

Før jul i fjor. Året då eg ikkje fekk ferdig nokon ting (nesten). Då sat me oss på toget austover. Med julegåver, koffertar, born, julemat, niste og enno meir pikkpakk. Og spøt. Eg hadde heldigvis fått lyst til å spøta litt, så då var det bare å finna fram garn og oppskrift kvelden før me skulle reisa. Pinnar kjøpte eg på vegen neste dag, hadde ikkje tid til å finna fram det kvelden før.

Spøt på toget var eit genialt sjakktrekk. Toget kom ut av ein tunnel etter Arna og køyrde rett inn i eit ras! Og med eit gjerde liggjande over køyreledningen så måtte straumen kuttast. Så sat me der då, i mørket med bare svakt batterilys. Dei to siste vognene var framleis inne i tunnelen… Fram med garn og pinnar og legg opp til gensar til Maiblomen.

Eg likar Rullegensaren til Nøstebarn. Ingen brot i ribbespøt, bare rundt og rundt og rundt og med raglanfelling så eg slepp sy i armar. Gensaren er spøta i Ask frå Hillesvåg. Dette garnet er tjukkare enn Nøstebarn sitt 2-tråds så eg måtte justera litt i oppskrifta. Eg la opp til den minste storleiken og spøta til han var lang nok. Dvs til storleik 4 år.

Glad og nøgd så spøte eg meg vidare Austover. Toget kom i gang att etter to og ein halv time med venting og med kom fram til slutt. Vel framme så startar jula. Med avslapping og tedrikking. Mat og vitjingar og fullt hus. Og meir mat. Og spøt. Spøtet vart redninga etter fullt hus og eg trengte å slappa av. Det tok ikkje så lang tid før gensaren vart ferdig. Trådfesting og blokking inkludert.

Rullegenser

 

 

Glad Maiblom som ser film saman med Storebror. Og litt tulling vert det tid til óg. Fine gutane

Rullegenser2

Bilspøt

Turen til Svigers er ein god biltur der me krysse vasskiljet mellom Vest og Aust. På slike lange turar like eg å spøta men ikkje alt er eigna for bilen. For tida er eg med på eit hemmeleg samstrikk (knitalong/KAL) på Ravelry. Eit sjal frå designaren Stephen West men det krev for mykje telling til at eg kan gjera det i bilen.

Så i staden har eg starta på ein genser til Maiblomen. Rullegensaren frå Nøstebarn i Kauni 8/2

Ved avreise. Eg la opp og spøta to omgongar før me reiste slik at eg skulle sleppa det i bilen

20120726-120445.jpg

Akkurat framme hos Svigers etter ein lang tur

20120726-120514.jpg

Kom Mai Du Skjønne Milde

Kom, mai, du skjønne, milde,
gjør skogen atter grønn,
og la ved bekk og kilde
fiolen blomstre skjønn!
Hvor ville jeg dog gjerne
at jeg igjen deg så!
Akk, kjære mai, hvor gjerne
gad jeg i marken gå!

Om vint’ren kan man have
vel mangt et tidsfordriv;
man kan i sneen trave –
å ja, et lystig liv!
Men når seg lerken svinger
mot sky med liflig slag,
på engen om å springe –
det er en annen sak!

Kom derfor, mai, du milde,
gjør skogen atter grønn,
og la ved bekk og kilde
fiolen blomstre skjønn!
Hvor ville jeg dog gjerne
at jeg igjen deg så!
Akk, kjære mai, hvor gjerne
gad jeg i marken gå!

Tekst: D.Jæger
Mel: W.A.Mozart

TULL og TØYS!

Det er korkje skjønt eller mildt ute no altså. Eller sagt med facebookfarsotten siste døgeret:

«Mai er avlyst på grunn av tekniske
problemer. Vi sender derfor en reprise av februar
til feilen er ordnet», melder drittvær.no

 

Maiblomen  har blitt ein ekte strilagut og køyre på traktoren sin når me er ute (John Deere, sjølvsagt). Køyre og køyre – han sit og held seg fast i rattet og eg må dra. Når det regnar og bles og er så surt som det har vore dei siste dagane, så blir fingrane iskalde og raude. Og eg har ikkje hjarta til å sjå på dei kalde små henda hans. Rillestrikka vottar frå Strikk til Nøstebarn er raske å laga. Det er dei same eg laga i full fart til Storebror før han reiste på vinterferie hos farmor og farfar og no har altså Maiblomen fått eit par i forseinka eittårsgåve. Dei er spøta i 2-tråds merino frå Askeladen (Nøstebarn) i fargane rust og mørk grøn. Dei same som var i Otto’en.

Eg må be om orsaking for ynskjet eg uttrykte i april då eg hadde spøta nyfødtaviatrix. Hadde eg visst konsekvensane av det eg då sa, så hadde eg aldri håpa på ein kald vår.

Rosa og kaprifolen står grøn og fin. Og det er så  surt og kaldt ute.

Strilagut på traktoren sin. Han kunne køyrt heile dagen slik som dette. Men eg er ikkje heilt enig altså.

Fortare mamma. FORTARE!

Nyfødtgåve

Storebror har to vener som vart storebrør no i april. Og snill og omtenksom som han er, så ville han at eg skulle spøta til den nye babyen. Eg irritere meg over skjørtet mitt (Swing) som eg har spøta for stort og difor rekt opp att så eg var ikkje vond å be då han ville ha meg til å spøta babygåver. Eg like Aviatrix veldig godt men hadde ikkje noko garn heime som passa til oppskrifta. For å sleppa å irritera meg over enno fleire prosjekt som ikkje stemme så laga eg for ein gongs skuld testlappar. Dobbel tråd Askeladen 2-tråd merino på pinnar 3,5 gav strikkefasthet som stemte med oppskrifta og eg kunne setja i gong. Storebror forlangte og at eg måtte spøta sokkar til babyen som kom. Og eg lot meg kommandera – alt for å sleppa irritera meg over skjørtet mitt.

Hua er tjukk og kanskje litt varm for ein aprilbaby. Så eg er ufin og håpe på ein kald vår…

Til Aviatrix nytta eg fargane mørk grøn (gamal) og naturfarga frå Askeladen (Nøstebarn) og sokkane er spøta i mørk grøn.