Merkelapp-arkiv: islandsk strikk

Steget over dørstokken = heftig vottespøt!

Dørstokkmila er lang her i heimen. For ikkje å snakka om at dørstokken i seg sjølv er ganske høg. Me har snakka om at me har lyst å gå meir i fjellet men det er vanskeleg å omsetja ord i handling. Så då Mannen på impuls reserverer ei hytte på Folgefonnshalvøya til haustferien, må eg til pers. Sidan eg faktisk er i løna arbeid så må kvart einaste ledige minutt av dagen nyttast. Til å spøta vottar. I fleirtal.

Eg spøta på bussen. Heime. På foreldremøter. Til og med då me åt føremiddagsmat på jobb, hadde eg med spøtet mitt. Eg vart ferdig og me hadde alle med vottar på fjellet. Dei klassiske vottane til Storebror og megsjølv er enkle og raske å spøta. Vottane til Maiblomen var det verre med. Det tok meg ein heil kveld før eg fann ut korleis eg kunne spøta patent på rundpinne (eller med fem pinnar som eg gjorde). Oppskrifta påstod eg skulle spøta fram og attende og sy saman etterpå. Eg gjorde eit forsøk og fekk det ikkje til. Iherdig googling gjorde at eg fekk hjelp. Og det var jo til og med enkelt 1. Eg gjekk ikkje så godt overeins med garn, pinnar og strikkefasthet. Ikkje denne denne gongen heller. Så eg måtte verkeleg triksa med kor mange maskar eg skulle leggja opp og kor mange omgongar eg skulle spøta for å få vottar som var passe store. Eg er veldig nøgd med at dei har eit langt brot som er lett å trekka oppå utekleda. Eg er ikkje fullt så nøgd med avsluttinga på vottane. Dei er felt i ein spiss. Eg forkorta han noko men ser at eg må rundfella vottane dersom eg skal spøta dei att seinare.

Vottar

Vottar

Vottefakta

  • Klassiske i storleik 8-10 år: 37 g Ask frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Spøta på pinnar nr 4,0 mm.
  • Klassiske i storleik 8-10 år: 29 g Kauni 8/2. Spøta på pinnar nr 4,0 mm.
  • Klassiske i medium dame: 34 gram Kauni 8/2. Spøta på pinnar nr 4,0 mm.
  • Bjalla i storleik 4 år: 53 gram Léttlopi frå Istex. Spøta på pinnar nr 3,5 og 4,5.

Dei klassiske vottane er ei gratisoppskrift. Ravelry og Free Vintage knitting.
Bjalla er henta frå den danske utgåva av boka Islandsk strikk av Oddný S. Jónsdóttir.


  1. eg tek sjølvkritikk for ikkje å ha teke vare på lenka som forklarte dette så fint