Merkelapp-arkiv: hals

Haustferiespøt

Haustferien kom og både vottar og anna ulltøy vart pakka. Det regna godt då me køyrde til Herand i Jondal kommune. Og regnet haldt fram nesten heile vegen til Tostølen. Me hadde lånt hytte gjennom inatur.no, ei lita hytte på 800 moh. Turen er skildra hos Jondal Turistinformasjon og kart og gps-fil er å finna på lommekjent.no.

Etter mange timer til fots kom me endeleg fram! Tostøl ved Tostølvatnet. Etter ein dopause og nokre kjeks måtte eg retunera eit par km for å henta sekken min. Minstemann (3 år) var så sliten og orka ikkje gå lenger i regnet så han måtte på ryggen. Han har vorte for stor til å sitja på magen synte deg seg, så sekken måtte venta. Då eg kom attende til Tostøl for andre gong den kvelden var hytta varm og middagen ferdig. Heilt fantastisk!

Tostøl i Herand.

Hytta låg heilt perfekt til for fisking og rykta tilsa at det skulle vera godt med fisk i vatnet. Heldigvis hadde me ikkje satsa på at sjølvfanga fisk skulle vera ein del av middagen.

Klar for fisketur

Yngstemann hadde ikkje heilt tolmodet til å fiska. Og eg forstår han så godt. Det er KJEDELEG å fiska. Kjempekjedeleg. Derimot klarte han å fanga ei mamma.

Eg har fanga ein mamma!

Eg prøvde å sløva mest mogleg  inne. Kvalitetssløving med spøt. Eg hadde med Silkegenser frå Strikk meir til nøstebarn til Storebror. Fin ferie og nesten ferdig med bolen den tida med var på hytta.

Haustferiespøtet

Det synte seg at det var noko feil med lengda på turen. Det står oppgjeve at han er 4,8 km. Men både GPSen og runkeeper påstår at turen er 5.5 km lang. Storebror såg me knapt nok, kun ved start matpause og ved bilen att. Treåringen gjekk heile vegen sjølv.

På veg frå Tostøl til Våhaug kor bilen sto parkert

Før me reiste, så hadde eg spøta vottar og halsar til dei. Fiskarhalsar frå Strikk meir til nøstebarn. Eg tenkte dei ville vera perfekt å ha under hetta dersom det regna.

Fiskarhals2a
Fiskarhals1a
Fiskarhals 1 og 2

 

Fiskarhals

  • Fiskarhals, storleik vaksen: 54 g Kauni effektgarn spøta på pinnar 4,0 mm
  • Fiskarhals, storleik born: 51 g Nøstebarn 3-tråds merinoull spøta på pinnar 4,0 mm

Oppskrifta på Fiskarhals er henta frå Strikk meir til nøstebarn av Kathrine Gregersen.

 

 

Ein hals kun til meg. tilMeg

Hausten er her. Det er kaldt. Surt. Ufysleg. Eg lengtar etter sumar, sol og berføtt. Lite kle. Det hjelp ikkje at hausten kan vera fin og varm og sola skin. No er det kaldt ute. Haust. Snart vinter. Og surpompen meg ser fram til finare dagar. Til neste år.

Men. Det er jo sjølvsagt eit men. Eg kan endeleg nytta den fine halsen min. Då Malsen og Mor kom med ein løyndomsfull strikkepakke før påske, var eg ikkje sein om å bestilla. Tre nye oppskrifter med garn til bare til meg. tilMeg. Den fyrste pakken kom til påske og fekk vera med på påskeferie på Turnerhytten. Pakke nummer to kom like før pinsti. Geelong soft i fargen Fjord og oppskrift på hals. Det gjekk kjemperaskt å spøta. Eg hadde fyrste møte med picotavfelling, men det gjekk no det óg. Vask og tørk. Og så vart halsen liggjande. Han vart med på bil- og teltferie gjennom halve Noreg og Sverige. På kryss og tvers der me fann sol og finver. Heim att. Liggjande i posen sin. Lenge. Til slutt klarte eg det. Få sydd på knappen som gjorde at halsen min vart ferdig.

No er det altså haust her på Strilalandet. Då er det supert å ha ein hals å kunna ta på seg anten eg ute med hunden Oma, dei tobeinte små eller eg berre skal på jobb. Eller når eg frys inne.

tilMeg hals3

tilMeg hals1

tilMeg hals2

tilMeg hals4

 

Mønster: tilMeg Hals av Unni Cathrine Eiken/Malsen og Mor
Garn: Geelong soft, Malsen og Mor
Farge: Fjord
Pinnar: 2.5 mm og 5.0 mm

 

Fresco Basket Whip Cowl

Eg har verdas beste Svigermor!

Til trass for at me bur på kvar si side av Langfjella, så hjelpe ho oss så godt ho kan. Sist var i samband med  dåpen til Maiblomen. Ho (og Svigerfar) kom over nokre dagar før dåpen og hjalp til med husvask og rydding og ikkje minst matlaginga til dåpen. No var det sodd (er jo gift inn i ei trønderslekt), så det kunne vore verre. Men eg er så takknemleg for at ho tek seg tid og kjem over og vitjar og hjelp oss med det som trengst. Tidlegare i år var ho hos oss i samband med fødselen til Maiblomen. Då tok ho seg av Storebror, henta han i barnehagen, laga mat til meg. Rydda og luka masse ugras i hagen vår. Det var ikkje så mykje me hadde fått gjort på vårparten ettersom eg var fullstendig ute av stand til noko som helst, då prioriterte eg heller å vagga på tur medan Mannen lufta hundane våre. Då Svigermor tok fatt på hagen så var det nok å gjera der. Resultatet var at me fekk gjort det me hadde planlagt, nemleg lagt på duk og bark slik at området ho rydda no skal vera til roser, liljer, peonar og andre staudar samt jordbær og bringebær.

I Maiblomen sin dåpsfest 22. oktober sa Svigermor at ho ynskja seg ein hals til å ha til den brune kåpa si. Kåpa manglar hette og ho ville ha ein fargerik hals som ho kunne ta over hovudet når det snør. Klart eg spøte ein hals til Svigermor – eg har trass alt verdas beste Svigermor. Ho fall fullstendig for Kauni sitt effektgarn då me (mest eg) vitja Therese Kvam si vevstove i sommar. Ein rask fargekonsultasjon med Svigerinna mi vert gjort og eg landa på fargen EU, altså raudguloransj. Eg fann gratismønsteret Fresco Basket Whip Cowl av Laura Patterson på Ravelry. Eg har spøta ein mønsterrapport meir enn det som står i oppskrifta for at halsen skal bli litt lenger. Eit enkelt blondemønster, kast og spøt saman to masker gjer at eg fint kan sjå seriar medan eg spøte halsen. Så i løpet av ei veke har eg sett sesong 3 og 4 av Mad Men samt nokre episodar av Stargate SG-1 sesong 6.

Og vill og gal som eg er, så har eg faktisk blitt med på Pinnekroken si utfordring «Noe som varmer«.

Modell: Baff

 

Røtter

Sei «hals» og eg tenke på den klassiske barnehalsen. Men hals kan jo vera så mykje meir har eg funne ut. Eg deltok på eit stort barselstreff i Oslo i sommar og der var det ei som hadde spøta halsen «Røtter» av Tora Frøseth. Rillestrikk med knapping i sida, enkel men samstundes fin. Eg har lenge tenkt at eg burde ha ein hals til bruk utover hausten. Når me går på tur med hundane og med baby på rygg eller mage, så er ikkje alltid sjal surra rundt halsen det mest praktiske. Og i alle fall ikkje når det regnar og eg vil trekka glidelåsen på regnjakka heilt opp.

Ein ekspedisjon til Nordhordland og Hillesvåg Ullvarefabrikk resulterte i ein god del ull med heimover. Og planen er å spøta Røtter til meg sjølv og i gåver. Oppskrifta kan kjøpast på Ravelry, eller hos Tora Frøseth.

Fyrste utgåve av Røtter er spøta i mørk brun Ask/Hifa2 frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Det gjekk med 60 gram på pinnar nummer 3,5. Eg trur eg skal endra pinnastorleiken til neste utgåve. Knappane er treknappar frå Knapphuset i Bergen.