Merkelapp-arkiv: ferie

Haustferiespøt

Haustferien kom og både vottar og anna ulltøy vart pakka. Det regna godt då me køyrde til Herand i Jondal kommune. Og regnet haldt fram nesten heile vegen til Tostølen. Me hadde lånt hytte gjennom inatur.no, ei lita hytte på 800 moh. Turen er skildra hos Jondal Turistinformasjon og kart og gps-fil er å finna på lommekjent.no.

Etter mange timer til fots kom me endeleg fram! Tostøl ved Tostølvatnet. Etter ein dopause og nokre kjeks måtte eg retunera eit par km for å henta sekken min. Minstemann (3 år) var så sliten og orka ikkje gå lenger i regnet så han måtte på ryggen. Han har vorte for stor til å sitja på magen synte deg seg, så sekken måtte venta. Då eg kom attende til Tostøl for andre gong den kvelden var hytta varm og middagen ferdig. Heilt fantastisk!

Tostøl i Herand.

Hytta låg heilt perfekt til for fisking og rykta tilsa at det skulle vera godt med fisk i vatnet. Heldigvis hadde me ikkje satsa på at sjølvfanga fisk skulle vera ein del av middagen.

Klar for fisketur

Yngstemann hadde ikkje heilt tolmodet til å fiska. Og eg forstår han så godt. Det er KJEDELEG å fiska. Kjempekjedeleg. Derimot klarte han å fanga ei mamma.

Eg har fanga ein mamma!

Eg prøvde å sløva mest mogleg  inne. Kvalitetssløving med spøt. Eg hadde med Silkegenser frå Strikk meir til nøstebarn til Storebror. Fin ferie og nesten ferdig med bolen den tida med var på hytta.

Haustferiespøtet

Det synte seg at det var noko feil med lengda på turen. Det står oppgjeve at han er 4,8 km. Men både GPSen og runkeeper påstår at turen er 5.5 km lang. Storebror såg me knapt nok, kun ved start matpause og ved bilen att. Treåringen gjekk heile vegen sjølv.

På veg frå Tostøl til Våhaug kor bilen sto parkert

Før me reiste, så hadde eg spøta vottar og halsar til dei. Fiskarhalsar frå Strikk meir til nøstebarn. Eg tenkte dei ville vera perfekt å ha under hetta dersom det regna.

Fiskarhals2a
Fiskarhals1a
Fiskarhals 1 og 2

 

Fiskarhals

  • Fiskarhals, storleik vaksen: 54 g Kauni effektgarn spøta på pinnar 4,0 mm
  • Fiskarhals, storleik born: 51 g Nøstebarn 3-tråds merinoull spøta på pinnar 4,0 mm

Oppskrifta på Fiskarhals er henta frå Strikk meir til nøstebarn av Kathrine Gregersen.

 

 

Steget over dørstokken = heftig vottespøt!

Dørstokkmila er lang her i heimen. For ikkje å snakka om at dørstokken i seg sjølv er ganske høg. Me har snakka om at me har lyst å gå meir i fjellet men det er vanskeleg å omsetja ord i handling. Så då Mannen på impuls reserverer ei hytte på Folgefonnshalvøya til haustferien, må eg til pers. Sidan eg faktisk er i løna arbeid så må kvart einaste ledige minutt av dagen nyttast. Til å spøta vottar. I fleirtal.

Eg spøta på bussen. Heime. På foreldremøter. Til og med då me åt føremiddagsmat på jobb, hadde eg med spøtet mitt. Eg vart ferdig og me hadde alle med vottar på fjellet. Dei klassiske vottane til Storebror og megsjølv er enkle og raske å spøta. Vottane til Maiblomen var det verre med. Det tok meg ein heil kveld før eg fann ut korleis eg kunne spøta patent på rundpinne (eller med fem pinnar som eg gjorde). Oppskrifta påstod eg skulle spøta fram og attende og sy saman etterpå. Eg gjorde eit forsøk og fekk det ikkje til. Iherdig googling gjorde at eg fekk hjelp. Og det var jo til og med enkelt 1. Eg gjekk ikkje så godt overeins med garn, pinnar og strikkefasthet. Ikkje denne denne gongen heller. Så eg måtte verkeleg triksa med kor mange maskar eg skulle leggja opp og kor mange omgongar eg skulle spøta for å få vottar som var passe store. Eg er veldig nøgd med at dei har eit langt brot som er lett å trekka oppå utekleda. Eg er ikkje fullt så nøgd med avsluttinga på vottane. Dei er felt i ein spiss. Eg forkorta han noko men ser at eg må rundfella vottane dersom eg skal spøta dei att seinare.

Vottar

Vottar

Vottefakta

  • Klassiske i storleik 8-10 år: 37 g Ask frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Spøta på pinnar nr 4,0 mm.
  • Klassiske i storleik 8-10 år: 29 g Kauni 8/2. Spøta på pinnar nr 4,0 mm.
  • Klassiske i medium dame: 34 gram Kauni 8/2. Spøta på pinnar nr 4,0 mm.
  • Bjalla i storleik 4 år: 53 gram Léttlopi frå Istex. Spøta på pinnar nr 3,5 og 4,5.

Dei klassiske vottane er ei gratisoppskrift. Ravelry og Free Vintage knitting.
Bjalla er henta frå den danske utgåva av boka Islandsk strikk av Oddný S. Jónsdóttir.


  1. eg tek sjølvkritikk for ikkje å ha teke vare på lenka som forklarte dette så fint 

Roadtrip

Ferien i år vart gjennomført med stil. Og lavvo og bil. Me køyrde rundt i Noreg og enda opp som klimaflyktningar ved Bottenhavet. Planen var fjellturar på Dovre men dårleg ver der gjorde at me sat kursen austover. Det og ein betent fot hos meg som gjorde det vondt, for ikkje å sei umogleg, å gå i fjellet.

Klart eg har med spøtet på ferie. Ikkje berre eit men to er med meg. Og då gjeld det å ha utstyret lett tilgjengeleg. Koppehaldaren me kjøpte på Biltema passar perfekt til ein boks bakepulver. Og oppi der har eg det som trengst: Måleband, maskemarkørar, stoppenåler, saks, ekstra pinnar.

God tur!

IMG_0719