Merkelapp-arkiv: born

Nissehue og Nysirkus

Det er snart jol. Og før jol kjem advent. Og med advent kjem opning av jolegata og tenning av jolegrana i Hølen. Nytt av året er at yngstemann skal opptre med Nysirkus i nissekostyme og med nissehue. Og då må mor trå til. Eg lagar ikkje nissekostyme. (Han var ganske så bestemt på at han ikkje skulle ha heimespøta kostyme. Kva i alle dagar har eg gjort gale dei siste seks åra?) Derimot har eg spøta lang nissehue til han.

Til trass for at eg har vorte ein stril i eksil, så er det relativt enkelt å få tak i skikkeleg ullgarn her på det (u)sentrale austlandet. På Strilalandet måtte eg reisa heilt til Byd’n (eller Bergen som andre vil kalla det) for å kjøpa garn frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Ein ekspedisjon. Her kan eg få kjøpt Hifa Ask i nabobygda. Ein liten sykkeltur unna.

Garn vart kjøpt inn. Nye pinnar. Eg veit aldri kor dei gamle pinnane er. Det må vera to millionar pinnar i limbo ein eller annan stad, dei er i alle fall ikkje her i huset. Og så var det berre å setja i gang.

Garn, pinnar og talet på masker på tilpassast den som skal ha hua. Eg kunne nok lagt opp færre maskar sidan 6-åringen ikkje har like stort hovud som meg. Heldigvis. Og ikkje minst hadde eg klart meg med eitt hespe dersom det var færre masker. Eller eg hadde droppa dusken.

  • Eg la opp 112 masker på pinnar nummer 3,0 mm og spøta vrangbord (to rette og to vrange) i fem centimeter
  • Auka 8 masker (spøt 7m, *auk 1m, spøt 14m*, gjenta ** 7 gonger, auk 1m, spøt 7m) til totalt 120 masker
  • Eg spøta 16 cm, inkludert vrangborda, før eg starta fellinga
  • Fell slik:
    • Finn ut kor lange hua skal vera og rekne ut kor mange fellingar du treng for å få passe lang hue
    • Plasser maskemarkørar i starten av omgangen og 3 stader til med like mange masker mellom. Her er det 30 masker mellom kvar
    • Spøt dei to fyrste maskene på omgangen saman og spøt til neste markør, flytt denne over på høgre pinne og spøt dei to neste maskene saman. Hald fram slik ut omgangen
    • Spøt 6 omgangar til
    • Gjenta dei to siste punkta til det er 12 masker att på pinnane
    • Dra tråden gjennom dei siste maskene og fest godt
  • Lag dusk og sy fast

Kor mange gonger eg felte:

{120} masker -{4x} fellingar ={12} masker
x={27} fellingar
Eg skulle spøta lang hue så eg måtte rekna litt på kor mange omgangar det skulle vera mellom kvar felling og eg enda opp med 6 omgangar mellom.

Totalt er hua 73 cm lang.

 

Nissehue

  • Hifa Ask, farge 6014 klar raud
  • 101 gram
  • Pinnar nr 3 og 3,5
  • Mi strikkefasthet: 22 masker på 10 cm på pinnar nummer 3,5 mm
  • Storleik: Vil vara i mange år

Oppskrift etter eige hovud inspirert av dei mange hueoppskriftene som finst

Eg kunne nok med føremon spøta hua på pinnar 2,5 mm og 3,0 mm i staden for. Då hadde ho vorte litt mindre luftig. Samstundes måtte eg hatt fleire omgangar mellom fellingane for å få like lang hue.

Nyttårsgensar

Før jul i fjor. Året då eg ikkje fekk ferdig nokon ting (nesten). Då sat me oss på toget austover. Med julegåver, koffertar, born, julemat, niste og enno meir pikkpakk. Og spøt. Eg hadde heldigvis fått lyst til å spøta litt, så då var det bare å finna fram garn og oppskrift kvelden før me skulle reisa. Pinnar kjøpte eg på vegen neste dag, hadde ikkje tid til å finna fram det kvelden før.

Spøt på toget var eit genialt sjakktrekk. Toget kom ut av ein tunnel etter Arna og køyrde rett inn i eit ras! Og med eit gjerde liggjande over køyreledningen så måtte straumen kuttast. Så sat me der då, i mørket med bare svakt batterilys. Dei to siste vognene var framleis inne i tunnelen… Fram med garn og pinnar og legg opp til gensar til Maiblomen.

Eg likar Rullegensaren til Nøstebarn. Ingen brot i ribbespøt, bare rundt og rundt og rundt og med raglanfelling så eg slepp sy i armar. Gensaren er spøta i Ask frå Hillesvåg. Dette garnet er tjukkare enn Nøstebarn sitt 2-tråds så eg måtte justera litt i oppskrifta. Eg la opp til den minste storleiken og spøta til han var lang nok. Dvs til storleik 4 år.

Glad og nøgd så spøte eg meg vidare Austover. Toget kom i gang att etter to og ein halv time med venting og med kom fram til slutt. Vel framme så startar jula. Med avslapping og tedrikking. Mat og vitjingar og fullt hus. Og meir mat. Og spøt. Spøtet vart redninga etter fullt hus og eg trengte å slappa av. Det tok ikkje så lang tid før gensaren vart ferdig. Trådfesting og blokking inkludert.

Rullegenser

 

 

Glad Maiblom som ser film saman med Storebror. Og litt tulling vert det tid til óg. Fine gutane

Rullegenser2

Endeleg!

Endeleg er eg i gong att. Ikkje eit einaste innlegg i 2013, men no er det eit nytt år og eg ofre ikkje året som har gått fleire tankar. Eg har hatt fleire prosjekt på gong men få av dei har vorte ferdige. Anten fordi nokon vaks for fort eller fordi eg ikkje var nøgd. Eller fordi eit stort prosjekt inneber at eg må fram med symaskin og saks for å montera genser. Skal snart gjera det. Snart…

Me fekk ein ny nabo i oktober. Ein søt liten gut. Eg prøve å vera ein god nabo, støtta og hjelpa til når det trengst. Og nabokjerringa når det trengst. Så til jul spøta eg Aviatrix av Justin Turner til han. Hua er spøta i Alpakka frå Sandnes garn og er varm og god og perfekt for vinteren på Strilalandet.

Oppskrifta er med eit band under haka og knapp på sida. Eg har heller laga icord slik at det kan knyttast sløyfe

Resten av familien fekk og ei helsing til jul.

Bilspøt

Turen til Svigers er ein god biltur der me krysse vasskiljet mellom Vest og Aust. På slike lange turar like eg å spøta men ikkje alt er eigna for bilen. For tida er eg med på eit hemmeleg samstrikk (knitalong/KAL) på Ravelry. Eit sjal frå designaren Stephen West men det krev for mykje telling til at eg kan gjera det i bilen.

Så i staden har eg starta på ein genser til Maiblomen. Rullegensaren frå Nøstebarn i Kauni 8/2

Ved avreise. Eg la opp og spøta to omgongar før me reiste slik at eg skulle sleppa det i bilen

20120726-120445.jpg

Akkurat framme hos Svigers etter ein lang tur

20120726-120514.jpg

Leikeplasspøt

Eg skal vera heilt ærleg og sei det som det er. Å vera med på leikeplassen er ganske kjedeleg. I alle fall når det er forventa at eg skal vera med i leiken.

Heldigvis er Maiblomen relativt sjølvgåande og krev ikkje så mykje merksemd anna enn å få stadfesta at e er der og eg ser han. I dag hadde eg med spøtet mitt og fekk gjort ganske masse medan me var der. Neste gong må eg ta med eit som tåle litt meir enn
Peacock Shawlette.

Mini-Milo

Eg hadde litt over eit nyste med garn att etter at eg spøta Blome-Milo i gåve. Maiblomen krype (og går) rundt i bare undertrøya sånn til vanleg og han treng litt meir kle på seg no når vinterstormane er over oss for fullt. Sidan eg likevel hadde kjøpt mønsteret og hadde garn, så har han óg fått seg ein Milo. Eg testa ikkje strikkefasthet denne gongen heller, men fordi eg såg kor stor Blome-Miloen vart så tok eg ein sjanse. La opp til og har spøta nyfødtstorleiken og han er heilt perfekt til Maiblomen. Eg spøta fleire riller nederst enn det som er i mønsteret fordi han bare bretta seg opp langs magen då eg prøvde vesten på han.

Milo er spøta i Smart frå Sandnes på pinnar nummer 4.0 mm

_MG_6936

Fleire Longies på Langs

Bleiebukser med lange bein er veldig greit no når det er kaldere. Då slepp Maiblomen unna strømpik eller stillongs og kan ha på bare mellom- og ytterlag når me skal ut. Eller når han kryp rundt i stova så har han kun bleiebukse på. Beina er lange og er bretta opp så dei vil passa til Maiblomen i lang tid framover.

Det er uendeleg lenge sidan eg vart ferdige med desse to Longies på Langs. Og så har dei berre vorte liggjande i påvente av lanolisering. Lenge. No er det fleire bleiebukser som treng lanolisering, så då var det bare å setja i gong.

Longies på langs er enkle å spøta, rillespøt på langs og så sy saman til slutt. Denne gongen spøta eg kilen i kontrastfarge for å få litt meir fargerike bleiebukser. Eg har spøta desse i Safir frå Gjestal og det har gått med to nøster i hovudfargen pluss kilen. Buksene låg til lanolisering over natta og etter ei eddikskylling og tørking, var dei klare til bruk. Perfekte til ein liten tøybleiebrukar.

Veksejakke til Storebror

Storebror syntes det vart for mykje spøting til magebuaren. Så i Påsken, dvs rundt termindatoen, starta eg opp med ei veksejakke til Storebror. Eg vart ikkje ferdig med jakka til Maiblomen sin fødsel, men strikka iherdig både på barsel og etter at me kom heim. Alternerte jo med alle bleiebuksene eg hadde på pinnane, men blei ferdig til slutt.

Jakka er henta frå Strikk til Nøstebarn, oppskrift #1921 Veksejakke, men her går oppskrifta berre opp til 3-5 år. Så då måtte eg improvisera. Storebror ville gjerne ha grå jakke med oransje hette og til denne bestilte eg garn frå 123knit – Filcolana New Zealand Lammeuld  i fargane antrasitt og curry. Knappane er kjøpt på Pinnsvin Design.

 

Ferdig veksejakke til Storebror

 

Katteknappar på veksejakka

 

Dette var endringane eg gjorde ut i frå oppskrifta i Strikk til Nøstebarn

  • Eg la opp 36 masker og auka til 48 etter bråtet
  • Auka annakvar cm på armen til 70 masker og strikka til det var 34 cm langt. Kunne nok med fordel strikka det lengre
  • Auka 70 masker i kvar side til totalt 210 m og strikka 13 cm vidare
  • Halsfelling: Fell 7m frå midten på 1.p og deretter som oppskrifta. Strikka vidare til framstykket var 19,5 cm
  • Høgre framstykke: La opp 96 masker og strikka som i oppskrifta – auka 9 maskar i samband med halsen
  • Strikka 13 cm på ryggen før eg sat høgre framstykke saman med resten og strikka nye 13 cm (totalt 39 cm på ryggen
  • Felte 70 masker i kvar side og strikka andre armen
  • Armen: felte ei maske kvar andre cm til totalt 48 masker (og 34 cm). Felte deretter 12 m jamnt fordelt og strikka brotet
  • Hetta: Tok opp 70 masker og strikka (nesten) etter oppskrifta. Måtte justera litt på fellinga slik at det blei deleleg med 12 (hadde gløymt den detaljen då eg plukka opp masker)