Om

Spøt og sånn er rett og slett det eg driv med på fritida. «Sånn» er vel i all hovudsak å sjå på TV-seriar medan eg spøtar. Ein sjeldan gong kan derimot «sånn» vera anna handarbeid som hekling, brodering eller at eg har teke fram symaskina. No er det ekstremt lenge sida eg har gjort anna handarbeid enn strikking, men kanskje eg må gjera det no sidan eg har skrive det. Ordet fangar trass alt.

Etter mange år utan pinnar og garn, tok eg opp att spøtinga då eg var gravid med born nummer to. Ull er absolutt ein favoritt å strikka i – ull til store og ull til små. Og ullklede kan nyttast heile året.

Eg bur på Strilalandet saman med ein mann, to gutar, to hundar og ein katt. Og ein milion hybelkaniner som formeire seg eksponensielt.