Kategoriarkiv: Til born

Rockefeller i Canada

Medan andre laga julekaker, vaska hus og sprang frå den eine avsluttinga til den andre, så var eg i Canada. Jobb kombinert med litt ferie. Den perfekte husmorferien med andre ord.

Eg deltok på konferansen Arctic Change 2014 i Ottawa, Canada. Her presenterte eg min del av forskingsprosjektet Polarisation.

IMG_1944

Eg drakk ikkje berre vin på konferansen. Eg spøta óg.  Maiblomen skal få Villsauene på Runde av Ann Myhre/Pinneguri og dette var perfekt reise- og konferansespøt. Lange flyreiser og fleire timar på konferanse og eg vart ferdig med bolen og det eine ermet. Trøya er spøta i Rauma finull

IMG_1673

I tillegg til å vitja gamle kjente medan eg var i Canada, så måtte eg sjekka ut dei lokale garnselgjarane. Og eg kom heim med nokre fantastiske skattar. Handfarga og handspunne garn samt maskemarkørar kjøpt på Wabi-Sabi. Hadde ikkje kofferten allereie vore full, så hadde eg kjøpt med ein rokk i reiseutgåve.

IMG_1667

Det er over to år sidan eg var med på ein mysteriespøt, mystery knitalong, på Ravelry. Sjal i Stephen West sitt lett attkjennande geometriske design. Det tok to år frå eg var ferdig med sjalet til eg tok meg tid til å festa trådane. Når sjalet no var med på husmorferie til Ottawa Valley, så fekk eg endeleg teke bilete av det.
IMG_1711

IMG_1699

IMG_1697

 

Rockefeller

  • Isager Strik Spinni, Brun 60
  • Isager Strik Spinni Tweed, Raud 28S
  • Pinnar nr 3

Rockefeller er designa av Stephen West, westknits.

Haustferiespøt

Haustferien kom og både vottar og anna ulltøy vart pakka. Det regna godt då me køyrde til Herand i Jondal kommune. Og regnet haldt fram nesten heile vegen til Tostølen. Me hadde lånt hytte gjennom inatur.no, ei lita hytte på 800 moh. Turen er skildra hos Jondal Turistinformasjon og kart og gps-fil er å finna på lommekjent.no.

Etter mange timer til fots kom me endeleg fram! Tostøl ved Tostølvatnet. Etter ein dopause og nokre kjeks måtte eg retunera eit par km for å henta sekken min. Minstemann (3 år) var så sliten og orka ikkje gå lenger i regnet så han måtte på ryggen. Han har vorte for stor til å sitja på magen synte deg seg, så sekken måtte venta. Då eg kom attende til Tostøl for andre gong den kvelden var hytta varm og middagen ferdig. Heilt fantastisk!

Tostøl i Herand.

Hytta låg heilt perfekt til for fisking og rykta tilsa at det skulle vera godt med fisk i vatnet. Heldigvis hadde me ikkje satsa på at sjølvfanga fisk skulle vera ein del av middagen.

Klar for fisketur

Yngstemann hadde ikkje heilt tolmodet til å fiska. Og eg forstår han så godt. Det er KJEDELEG å fiska. Kjempekjedeleg. Derimot klarte han å fanga ei mamma.

Eg har fanga ein mamma!

Eg prøvde å sløva mest mogleg  inne. Kvalitetssløving med spøt. Eg hadde med Silkegenser frå Strikk meir til nøstebarn til Storebror. Fin ferie og nesten ferdig med bolen den tida med var på hytta.

Haustferiespøtet

Det synte seg at det var noko feil med lengda på turen. Det står oppgjeve at han er 4,8 km. Men både GPSen og runkeeper påstår at turen er 5.5 km lang. Storebror såg me knapt nok, kun ved start matpause og ved bilen att. Treåringen gjekk heile vegen sjølv.

På veg frå Tostøl til Våhaug kor bilen sto parkert

Før me reiste, så hadde eg spøta vottar og halsar til dei. Fiskarhalsar frå Strikk meir til nøstebarn. Eg tenkte dei ville vera perfekt å ha under hetta dersom det regna.

Fiskarhals2a
Fiskarhals1a
Fiskarhals 1 og 2

 

Fiskarhals

  • Fiskarhals, storleik vaksen: 54 g Kauni effektgarn spøta på pinnar 4,0 mm
  • Fiskarhals, storleik born: 51 g Nøstebarn 3-tråds merinoull spøta på pinnar 4,0 mm

Oppskrifta på Fiskarhals er henta frå Strikk meir til nøstebarn av Kathrine Gregersen.

 

 

Steget over dørstokken = heftig vottespøt!

Dørstokkmila er lang her i heimen. For ikkje å snakka om at dørstokken i seg sjølv er ganske høg. Me har snakka om at me har lyst å gå meir i fjellet men det er vanskeleg å omsetja ord i handling. Så då Mannen på impuls reserverer ei hytte på Folgefonnshalvøya til haustferien, må eg til pers. Sidan eg faktisk er i løna arbeid så må kvart einaste ledige minutt av dagen nyttast. Til å spøta vottar. I fleirtal.

Eg spøta på bussen. Heime. På foreldremøter. Til og med då me åt føremiddagsmat på jobb, hadde eg med spøtet mitt. Eg vart ferdig og me hadde alle med vottar på fjellet. Dei klassiske vottane til Storebror og megsjølv er enkle og raske å spøta. Vottane til Maiblomen var det verre med. Det tok meg ein heil kveld før eg fann ut korleis eg kunne spøta patent på rundpinne (eller med fem pinnar som eg gjorde). Oppskrifta påstod eg skulle spøta fram og attende og sy saman etterpå. Eg gjorde eit forsøk og fekk det ikkje til. Iherdig googling gjorde at eg fekk hjelp. Og det var jo til og med enkelt 1. Eg gjekk ikkje så godt overeins med garn, pinnar og strikkefasthet. Ikkje denne denne gongen heller. Så eg måtte verkeleg triksa med kor mange maskar eg skulle leggja opp og kor mange omgongar eg skulle spøta for å få vottar som var passe store. Eg er veldig nøgd med at dei har eit langt brot som er lett å trekka oppå utekleda. Eg er ikkje fullt så nøgd med avsluttinga på vottane. Dei er felt i ein spiss. Eg forkorta han noko men ser at eg må rundfella vottane dersom eg skal spøta dei att seinare.

Vottar

Vottar

Vottefakta

  • Klassiske i storleik 8-10 år: 37 g Ask frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Spøta på pinnar nr 4,0 mm.
  • Klassiske i storleik 8-10 år: 29 g Kauni 8/2. Spøta på pinnar nr 4,0 mm.
  • Klassiske i medium dame: 34 gram Kauni 8/2. Spøta på pinnar nr 4,0 mm.
  • Bjalla i storleik 4 år: 53 gram Léttlopi frå Istex. Spøta på pinnar nr 3,5 og 4,5.

Dei klassiske vottane er ei gratisoppskrift. Ravelry og Free Vintage knitting.
Bjalla er henta frå den danske utgåva av boka Islandsk strikk av Oddný S. Jónsdóttir.


  1. eg tek sjølvkritikk for ikkje å ha teke vare på lenka som forklarte dette så fint 

Verur – islandsgensar til Storebror

Ferie! Ingen jobb. Ikkje gjera noko ting. Inga vekkerklokke. Leggja meg når eg vil og ikkje uroa meg for noko som helst.

Islandsk strik av Oddný S. Jónsdóttir

Me pakka bilen for tre veker ferie. Full bil av fintøy og goretex, ull og badetøy, soveposar og liggeunderlag, stormkjøken og lavvo. Og garn! Masse garn. Klare for tre veker på vegen – fjellturar og slektstreff.

Islandsk strik er full av fine oppskrifter til både born og vaksne og Storebror hadde funne seg ein gensar her. Verur, av Védís Jónsdóttir, er ein tradisjonell islandsgensar. Mønster nede på bolen og erma og rundfelling med mønster.

Det er heilt fantastisk å kunna spøta når eg er passasjer i bil. Ikkje følgja med, bare slappa av. Rundt og rundt og av og til sjekka mønsteret. Og når det er ingen jobb å tenka på, og eg kan dela ansvaret for borna mine med nokon andre, så er det masse tid til å spøta.

Gensaren til Storebror var rask å spøta. Han er spøta i Léttlopi frå Istex på pinnar 4,5. Eg hadde rekna med å nytta lengre tid enn eg gjorde, men heldigvis hadde eg med meir garn 🙂

Verur

Varmt og fint i Norrland, Sverige. Storebror blir tvinga til å vera modell for den nye gensaren sin.

 

 

PS. Det vart ingen fjellturar. Me enda som klimaflyktningar. Fyrst til Norrland i Sverige og deretter Inderøya i Nord-Trøndelag. Bare late feriedagar.

Nyttårsgensar

Før jul i fjor. Året då eg ikkje fekk ferdig nokon ting (nesten). Då sat me oss på toget austover. Med julegåver, koffertar, born, julemat, niste og enno meir pikkpakk. Og spøt. Eg hadde heldigvis fått lyst til å spøta litt, så då var det bare å finna fram garn og oppskrift kvelden før me skulle reisa. Pinnar kjøpte eg på vegen neste dag, hadde ikkje tid til å finna fram det kvelden før.

Spøt på toget var eit genialt sjakktrekk. Toget kom ut av ein tunnel etter Arna og køyrde rett inn i eit ras! Og med eit gjerde liggjande over køyreledningen så måtte straumen kuttast. Så sat me der då, i mørket med bare svakt batterilys. Dei to siste vognene var framleis inne i tunnelen… Fram med garn og pinnar og legg opp til gensar til Maiblomen.

Eg likar Rullegensaren til Nøstebarn. Ingen brot i ribbespøt, bare rundt og rundt og rundt og med raglanfelling så eg slepp sy i armar. Gensaren er spøta i Ask frå Hillesvåg. Dette garnet er tjukkare enn Nøstebarn sitt 2-tråds så eg måtte justera litt i oppskrifta. Eg la opp til den minste storleiken og spøta til han var lang nok. Dvs til storleik 4 år.

Glad og nøgd så spøte eg meg vidare Austover. Toget kom i gang att etter to og ein halv time med venting og med kom fram til slutt. Vel framme så startar jula. Med avslapping og tedrikking. Mat og vitjingar og fullt hus. Og meir mat. Og spøt. Spøtet vart redninga etter fullt hus og eg trengte å slappa av. Det tok ikkje så lang tid før gensaren vart ferdig. Trådfesting og blokking inkludert.

Rullegenser

 

 

Glad Maiblom som ser film saman med Storebror. Og litt tulling vert det tid til óg. Fine gutane

Rullegenser2