Kategoriarkiv: Ymse

Ein haug med sitteunderlag

Av ulike grunnar hadde eg ganske mykje DROPS Eskimo liggjande. Ein av grunnane er at det tjukt. Alt for tjukt. Eg vil helst spøta på pinnar opp til 3,5 mm (til nød 4,0) og alt over dette er som kosteskaft. Ein anna grunn til at garnet har vorte liggjande, er at eg er meir medviten på kor ulla og garnet kjem frå.

Mykje garn inn = noko må ut! Det var med andre ord på tide å kvitta seg med noko som kun var hyllefyll.

Eg hadde nok Eskimo liggjande til å laga sitteunderlag til heile familien. Tok utgangspunkt i gratisoppskrifta til Drops design men brukte tjukkare pinnar fordi det var det eg hadde. Og så var det bare å gå i gang med spøtinga. Og eg hatar tjukke pinnar. Det er ekkelt. Og tungt. Og håplaust. Så det tok lengre tid enn naudsynt å få ferdig alle sitteunderlaga. Tovinga gadd eg heller ikkje bruka mykje tid på. Eit og eit sitteunderlag i maskina saman med ein handduk, 40 grader og ullvaskemiddel på vanleg vask. Og ut kom fiks ferdig sitteunderlag som måtte strekkast i fasong. Men det er plass til rumpa mi der og det er alt eg treng.

No er det tomt for DROPS Eskimo i hylla mi og andre og kjekkare ting kan spøtast.

Sitteunderlag

  • DROPS Eskimo frå Garnstudio
  • Pinnar nr 10,0 mm
  • Totalt 671 gram garn i ulike fargar

Sitteunderlaga er laga etter ei gratisoppskrift frå DROPS design, Sit Down

Aritmetikk!

Eg har alltid meint at prøvelapp er for pingler. Utan lygekryss så har eg meint at prøvelapp berre tek vekk viktig tid. Tid som eg kan nytta til spøting. Spøta det eg faktisk skal spøta. Difor har eg ikkje laga prøvelapp og heller starta rett på prosjektet.

Eg skal spøta ein gensar i gåve. Vaksengensar. Og eg vil for alt i verda ungå å måtta rekka opp att og spøta på nytt fordi han ikkje passar. Fordi eg har feil strikkefasthet 1. Garnet er Álafosslopi
frå Istex. På pinnar 6 så er det oppgjeve å ha 13 maskar pr 10 cm. Eg fekk 14 maskar pr 10 cm. 1 maske meir. Kor mykje kan dette ha å sei for det ferdige produktet? Ærleg tala, ei maska?

Som den naturvitaren eg er, så måtte eg rekna litt på dette. Storleiken eg skal laga har ein omkrins kring bringa på 98 cm på 128 masker. Sidan mi strikkefasthet er på 14m/10 cm må eg ta det med i likninga. Enkel matematikk:

\frac{128 m}{14 m /10 cm} = 91,4 cm
Mi strikkefasthet er 1 maske mindre per 10 cm og det utgjer neste 7 cm på vidda. Og sju cm vil sei at den storleiken eg planla å spøta ville verta for liten. Kva storleik skal eg då spøta? Nok ein gong enkel matematikk.

\frac{95 cm}{10 cm}\times 14 m = 133 m
For å få den vidda eg ynskjer med mi strikkefasthet, må eg legga opp 133 masker. Neste storleik i oppskrifta har 136 masker, så eg kan då spøta denne i staden for den eg planla. Enkel matematikk har med andre ord redda meg frå to ting:

  1. Eg treng ikkje rekka opp att ein ferdig gensar som var for liten, og ikkje minst
  2. Eg treng ikkje laga ny prøvelapp med ein anna pinnestorleik.

Matematikk er viktig!


  1. kva i alle dagar heiter dette på nynorsk? spenning? 

I Kongens by

Eg var på jobbreise til Kongens by, København, før påske. Ikkje er eg professor og ikkje har eg tenkt å halda fram i akademia så veldig lenge. Men dei distré professortendensane er så absolutt tilstades. Sit fredeleg og roleg på jobb ein tysdag føremiddag før eg brått kjem på at eg skulle til København. På måndagen. Altså dagen før. Fekk bestilt billettar i siste liten og kom meg til København og nådde det viktegaste. Nemleg føredraget eg skulle halda. Som eg enno ikkje hadde skrive. Prosjektmøtet på Polarisation – eit internasjonalt prosjekt om polartorsk (Bore­ogadus saida) – gjekk strålande.

IMG_0471

IMG_0484

IMG_0469

Og sjølvsagt måtte eg oppsøka ein lokal handarbeidsbutikk. Hos Rasmilla på Amager fekk eg sjekka ut Rasmilla sitt eige garn. Mange skryt over dette garnet – fantastisk mjukt og deilig. Det er det. Men etter å ha tafsa på det så innsåg eg at det ikkje er garnet for meg. Eg er veldig glad i det nordiske garnet som er hardt og stikkete; Rauma, Hifa og Kauni (dersom ein utvide det nordiske omgrepet) mellom andre. Ein anna grunn til å vitja Rasmilla var å sjekka ut Lópi frå Istex. Eg hadde oppdaga dette islandske garnet på Ravelry men hadde lyst å sjekka det ut før eg ville bestilla. Eg synest det er småskummelt å bestilla eit ukjent garn. Ikkje vita korleis det kjenst ut, ikkje vita korleis spinninga er og ikkje vita korleis fargane er. Så greitt å få sjekka ut hos Rasmilla.

Eg var i garnhimmelen. Nirvana. Total lukke.

IMG_0468

Garn. Inspirasjon. Bøker.

IMG_0480

IMG_0476

Eg reiste heim med garn. Masse garn. Lópi Einband til genseren Hrađi og ei sjaltrøye. Boka «Islands strik» var med heimover. I tillegg kom eg heim med godt med Hjelholt Håndværksgarn som skal bli genser til meg sjølv. Eg skal ikkje frysa den komande vinteren.

IMG_0510

IMG_0479

IMG_0513

Eit under at eg fekk alt med i handbagasjekofferten min. Ein formue i garn i tillegg til sovepose og liggeunderlag samt byblomar. Og sjølvsagt det eg hadde i kofferten min på veg nedover. Neste gong skal eg ha med større koffert og sjekka han inn.

IMG_0467

Hillesvåg Ullvarefabrikk

Der oppe i Nordhordland ligg det ei perle. Ei heilt fantastisk perle som alt for få veit om, nemleg Hillesvåg Ullvarefabrikk. Og som ullvarefabrikk, ja så lage dei garn. Masse garn i herlege fargar. Eg har tidlegare vore på tur nordover for å sjekka ut garnet deira. Den gongen hadde eg ikkje strikka i noko som helst av garnet frå Hillesvåg og eg visste ikkje korleis fargane var samanlikna med det eg såg på nettsida. På seinsommaren fekk eg mogleiken til å vera med på omvisning på Hillesvåg Ullvarefabrikk og var ikkje vond å be. Me fekk ei gjennomføring av heile prosessen, frå ulla kom inn til ferdig produkt i butikken – vasking, farging, spinning, nøsting.

 

Turkis ull. Skulle gjerne hatt med ein meter eller to av dette for å bruka som teppe.

Meter på meter med garn

 

Oppnøsting av ein kjempefin lillafarge. Synd lilla er så vanskeleg å ta bilete av og nesten umogleg når det er gjort med mobilen.

Sekkar med ull i alle moglege fargar. Her kan ALLE finna sin favoritt

Frå butikken. Den mengda og dei fargane som er her må opplevast. Nok ein gong så er ikkje mobilkamera det rette å bruke.

Sockgate Atlantis

Heilt sidan eg starta å vaska mine eigne klede så har eg lurt på kva som skjer med dei manglande sokkane. Altså, eg putte skitne klede inn i vaskemaskina og starte opp. Ut kjem reine klede, men når eg heng opp så manglar det gjerne ein sokk. Kva i alle dagar er det som skjer? Hadde eg sett Maia til å passa på klesvasken mi så hadde eg jo forstått at det forsvann ein sokk og to. Newfoundlandshunden Maia er trass alt omnivor... Men alt eg gjere er jo å putta kleda min inn i vaskemaskina for så å ta dei ut att seinare.

Heldigvis har mysteriet no vorte løyst!

Ein dag eg surra rundt og las inne på Ravelry så fann eg ut at det er andre som spøte og ser sci-fi samstundes. Som like dei same seriane som eg gjere og av den grunn har sett på timesvis med Stargate. Både SG-1, Atlantis og Universe.

Vaskemaskintrommelen er jo sjølvsagt ein Stargate! Til trass for at eg har sett alle sesongane av Stargate SG-1 på rappen og seinare både Stargate Atlantis og Stargate Universe, så hadde eg enno ikkje sett samanhengen. Det var på bloggen The Matching Sock at eg fekk løysinga. Som ho sjølv seier her,

Well, one day, after my sixth or seventh load of laundry, I looked at the washing machine and thought:
(you can do this using Colonel Sheppard´s voice, if you like)

¨You know…that kinda looks like a Stargate…«

and then

¨I wonder if that is where all our matching socks have gone??¨

 

Stargate eller Sockgate? Illustrasjon av Kiwibear 153 på bloggen The Matching Sock

 

Etter at sokkane har teke steget inn i Sockgate’en på vaskerommet så reise dei vidare frå Mjølkevegen til Pegasusgalaksen. Frå Sockgate til Sockgate. Mellom Mjølkevegen og Pegaususgalaksen, i ingenmannsland,  er det ein mellomstasjon for å gjera det mogleg å reisa mellom galaksane. Vil nokon gong dei manglande sokkane dukka opp?

 

Illustrasjon av Kiwibear 153 på bloggen The Matching Sock

 

Leikeplasspøt

Eg skal vera heilt ærleg og sei det som det er. Å vera med på leikeplassen er ganske kjedeleg. I alle fall når det er forventa at eg skal vera med i leiken.

Heldigvis er Maiblomen relativt sjølvgåande og krev ikkje så mykje merksemd anna enn å få stadfesta at e er der og eg ser han. I dag hadde eg med spøtet mitt og fekk gjort ganske masse medan me var der. Neste gong må eg ta med eit som tåle litt meir enn
Peacock Shawlette.

Hespetrekjærleik

Hespetre. Garnvinde.

Lenge, veldig lenge, så meinte eg det ikkje var naudsynt med ei slik ei for å nysta opp garnet mitt. Det var ingenting i vegen for å nytta ryggen på Storebror sin lenestol, storleiken var heilt perfekt for hespar frå Askeladen (Nøstebarn) og New Zealand Lammeuld (123knit.com). Så lenge eg passa på å gjera dette når Maiblomen sov og eg såleis ikkje vart utsett for «hjelp» frå han var det ikkje noko problem å gjera det utan hjelpemiddel.

Heilt til den dagen eg nytta fire timar for å nysta opp eitt einaste hespe! Eg starta ut feil og di lenger eg heldt på di meir rot blei det. Eg måtte ta pause og rydda vekk fordi sovebabyen Maiblomen vakna og seinare blei det enno meir rot då eg starta opp att. Då brukte eg pengar og kjøpte hespetre hos Pinnsvin Design og har etter det aldri sett meg attende. Klart eg kan nøsta opp alle hespane ved hjelp av ein stolrygg men det er jo mykje raskare og enklare å gjera det ved hjelp av hespetreet.

Eg er med andre ord litt kjær i det fine hespetreet mitt.

Dårleg start på 2012

Eg har spøta i veg i 2012. Vore optimistisk og hatt god flyt i arbeidet mitt. Eg vart ferdig med Mariusdressen til Maiblomen i midten av januar. Den kjensla eg fekk inni meg var heilt fantastisk – ferdig med dressen, eg som aldri hadde gjort det før. Det einaste som stod att var monteringa og eg var ikkje redd for å gje meg i kast med ho. Eg som aldri har montert ved hjelp av saks og symaskin før.

Og så såg eg det! Sjølve mønsterborda var ikkje fin. Eg gav det nokre dagar for å modnast, men innsåg at eg må rekka opp att. Som dronninga av utsetjingar, så har eg ignorert det og heller heldt på med det andre prosjektet mitt.

Ego-prosjektet Swing til meg sjølv. Spøta og spøta medan eg har sett på Stargate Universe, Caprica og Farscape. Kost meg med spøt, kaffi og sci-fi. Heilt perfekt vinter når det ikkje er snø ute. Vart ferdig idag med det fine skjørtet mitt. Etter kvart som eg kom nærare og nærare slutten så undra eg meg over storleiken. Eg syntes det såg så stort ut. Og då eg var ferdig så måtte eg bare innsjå det – eg har spøta ein storleik for stor 🙁 Då eg målte livvidda før eg la opp, så kontrollmålte eg berre for å vera heilt sikker. Og begge gongene fekk eg same mål. Og nei, eg har ikkje gått ned 15 cm rundt livet sidan før jul. Eg har berre målt heilt heilt feil. Og skjørtet er alt for stort og eg kjem til å verta missnøgd dersom eg ikkje rekk opp att og starte heilt på nytt. Men fyrst må eg rekka opp att Mariusdressen.

No er eg surpomp som ser slik ut…

Angry red

Angry red av gwenboul

Førjulskos

Her er det ingen stress i førjulstida. Eg har lys på bordet, kaffi i koppen og klementin. Og ikkje minst knakande gode gluten- og mjølkefrie goro. På pinnane har eg Swing av Hanne Falkenberg. Førjulstysdagen er super 🙂

 

 

Eg har skubba unna aviser og rot for at det skal sjå ryddig ut på kista. Resten av huset er bomba og ikkje ein einaste julepynt er framme. Til og med adventsstaken står på loftet til trass for at fjerde sundag i advent er forbi. Men det skal nok bli jul her i Strileheimen óg.