Skribentarkiv: Spøt og Sånn

Julegåvespøt: Sitkagranhue

Julegåvespøt! Sjølv om eg er glad i ull og spøt, så er det sjeldan eg gjev vekk heimespøta gåver. Eg må vera heilt 100% sikker på at det er noko mottakar ynskjer og vil bruka. Å spøta skuffefyll er ikkje så veldig oppløftande og då kjøper eg heller gåver.

Eg har ei svigerinne som såg hua eg spøta av ulla frå Tansy, Aster og Pansy og spurte så fint om eg kunne spøta hue i julegåve til ho. Sjølvsagt! Klart eg spøter hue i julegåve til nokon som ynskjer seg det. Mottakaren hadde eitt einaste krav: Hua skulle ha ekstremt låg kløfaktor. Litt sending av SMSar fram og tilbake om farge og fasong og så var resten opp til meg. Garn med låg kløfaktor kan vera vanskeleg å finna i hylla mi, her er det mest skikkeleg ull av hardføre sauer. Heldigvis hadde eg litt Malabrigo worsted liggjande – det perfekte garnet til ei hue med låg kløfaktor.

Eg landa på hua Sitka Spruce av Alexa Ludeman og Emily Wessel (Tin Can Knits). Hua har strukturmønster med felling mot venstre og høgre og aukingar og dannar stilserte granskot. Eg spøta den lausaste varianten av hua og la i tillegg til ein halv mønsterrepetisjon for å få ho litt lenger.

 

Bamse fekk den store æra av å sitja modell i snøen. Og naboane fekk noko å snakka om der dei lurte på kva eg dreiv på med.

 

Sitka Spruce

  • Malabrigo worsted i fargen Glazed carrot
  • Totalt 73 gram
  • Pinnar 4,5 og 5,0 mm
  • Modifisering: La til ein halv mønsterrepetisjon for å få hua lenger. Deretter spegelvende eg mønsteret i fellinga for å få dette til å gå opp med den halve mønsterrepetisjonen.

Hua er designa av Alexa Ludeman og Emily Wessel i Tin Can Knits. Ho kan kjøpast på Ravelry anten som sjølvstendig mønster eller som ein del av (e)boka Pacific Knits.

Ein haug med sitteunderlag

Av ulike grunnar hadde eg ganske mykje DROPS Eskimo liggjande. Ein av grunnane er at det tjukt. Alt for tjukt. Eg vil helst spøta på pinnar opp til 3,5 mm (til nød 4,0) og alt over dette er som kosteskaft. Ein anna grunn til at garnet har vorte liggjande, er at eg er meir medviten på kor ulla og garnet kjem frå.

Mykje garn inn = noko må ut! Det var med andre ord på tide å kvitta seg med noko som kun var hyllefyll.

Eg hadde nok Eskimo liggjande til å laga sitteunderlag til heile familien. Tok utgangspunkt i gratisoppskrifta til Drops design men brukte tjukkare pinnar fordi det var det eg hadde. Og så var det bare å gå i gang med spøtinga. Og eg hatar tjukke pinnar. Det er ekkelt. Og tungt. Og håplaust. Så det tok lengre tid enn naudsynt å få ferdig alle sitteunderlaga. Tovinga gadd eg heller ikkje bruka mykje tid på. Eit og eit sitteunderlag i maskina saman med ein handduk, 40 grader og ullvaskemiddel på vanleg vask. Og ut kom fiks ferdig sitteunderlag som måtte strekkast i fasong. Men det er plass til rumpa mi der og det er alt eg treng.

No er det tomt for DROPS Eskimo i hylla mi og andre og kjekkare ting kan spøtast.

Sitteunderlag

  • DROPS Eskimo frå Garnstudio
  • Pinnar nr 10,0 mm
  • Totalt 671 gram garn i ulike fargar

Sitteunderlaga er laga etter ei gratisoppskrift frå DROPS design, Sit Down

Endeleg: Ullbukser

Frå 2012 då yngstemann skulle starta i barnehagen. Var tidleg ute med å planleggja barnehagespøtet. Derimot var eg ikkje fullt så tidleg ute med å få skrive ferdig om dei.

Ullbuksespøting når det er sol og varmt, heile 25 grader, kan kanskje sjå litt unødvendig ut. Men det var ein plan bak det heile. Nemleg at når det blir surt og kaldt så er allereie ullbuksene klare. Men i sandkassen og det er varmt og fint så var det langt fram til haust og surt vêr.

20120831-092447.jpg

Desse buksene er spøta i Viking Nordlys, eit superwashgarn med 20% polyamid. Eigentleg eit sokkagarn men eg håpe det skal gje buksene litt ekstra slitestyrke. Og så er det så fine fargar. Eg blir så glad av fargerike ullkle 🙂

Etterord: Eg hatar superwash!

Kjære Tansy, Aster og Pansy

Kjære Tansy, Aster og Pansy!

Tusen, tusen takk for garnet som har blitt laga av ulla dykkar. No har ulla dykkar blitt til ei varm hue og varme vottar her på Austlandet. Heilt perfekt når det er snø og kaldt.

Tansy, Aster og Pansy er sauer av rasen romney og bur på ein universitetsgard i Fort Flagler, Washington. Romney er ein sauerase med tung og grov ull og størestedelen av ulla vert nytta i teppeproduksjon. Det finst ull- og garnentusiastar over heile verda, og nokre av dei sørgjer for at ulla til Tansy, Aster og Pansy vert garn og varme klede. Heldigvis for meg!

Grå romneylam frå USA

Mannen var på jobb i Seattle, og for at eg ikkje skulle sutra for masse fordi eg måtte laga mat sjølv kvar dag i 9 dagar så handla han garn til meg. Insouciant Fibers, eit lite spinneri på Bainbridge Island, har spunne ulla frå Tansy, Aster og Pansy, og garnet vart kjøpt på Churchmouse Yarns & Teas på Bainbridge Island. Alt dette berre ein liten ferjetur frå Seattle.

Langreist lokalgarn. Garnet kom vel heim og var heilt perfekt for hue og vottar som held meg varm her austpå. Både vottane og hua har flettemønster og garnet var heilt perfekt for å få fram teksturen i mønsteret. Garnet er av grov ull og kløfaktoren er høg. Heldigvis er kløtoleransen høgare.

Nye vottar vart ferdige akkurat i tide til at kulda kom. Og litt seinare snøen

 

Valanar

  • 100% Romney wool frå Insouciant Fibers
  • 75 gram til hua, 69 gram til vottane
  • Pinnar nr 3,5 og 4,0 mm på hua og 4,0 og 5,0 på vottane

Hue og vottar er (saman med ein hals) designa av Elena Nodel. Mønster for heile settet kan kjøpast på Ravelry

Endeleg: Harry the Sailor Boy – aka Matrostrøye

Frå 2012 då yngstemann var eitt år gamal.

Boka «Vintage Baby Knits» av Kristen Rengren har mange oppskrifter til små gutar og jenter. Otto’en var henta frå denne boka og no har eg spøta Harry’en til Maiblomen.  Harry Sailor Sweater  i matrosstil går tilbake til 1946 då  militærstilen til smågutar var populær. Matrostrøyer ser jo ikkje ut til å gå av moten og Maiblomen var ein staseleg gut både då han feira eittårsdagen sin og på syttande mai.

Mandarin Petit har omlag same lengd per 50m som det oppgjevne garnet i oppskrifta (Rowan Yarns 4-ply Cotton) så med pinnar nr 2,5 rekna eg med at strikkefastheta ville stemma. Men det gjorde det ikkje. Eg var så langt frå den oppgjevne at eg enda med å måtte rekna om for å få ei passeleg trøye til Maiblomen. Og fyrst etter at eg var ferdig så fann eg ut at Pinnsvin Design sel garnet eg eigentleg skulle nytta i oppskrifta. Jaja, men trøya vart no uansett kjempefin.

HarryTheSailor3

 

HarryTheSailor2

 

HarryTheSailor

Nissehue og Nysirkus

Det er snart jol. Og før jol kjem advent. Og med advent kjem opning av jolegata og tenning av jolegrana i Hølen. Nytt av året er at yngstemann skal opptre med Nysirkus i nissekostyme og med nissehue. Og då må mor trå til. Eg lagar ikkje nissekostyme. (Han var ganske så bestemt på at han ikkje skulle ha heimespøta kostyme. Kva i alle dagar har eg gjort gale dei siste seks åra?) Derimot har eg spøta lang nissehue til han.

Til trass for at eg har vorte ein stril i eksil, så er det relativt enkelt å få tak i skikkeleg ullgarn her på det (u)sentrale austlandet. På Strilalandet måtte eg reisa heilt til Byd’n (eller Bergen som andre vil kalla det) for å kjøpa garn frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Ein ekspedisjon. Her kan eg få kjøpt Hifa Ask i nabobygda. Ein liten sykkeltur unna.

Garn vart kjøpt inn. Nye pinnar. Eg veit aldri kor dei gamle pinnane er. Det må vera to millionar pinnar i limbo ein eller annan stad, dei er i alle fall ikkje her i huset. Og så var det berre å setja i gang.

Garn, pinnar og talet på masker på tilpassast den som skal ha hua. Eg kunne nok lagt opp færre maskar sidan 6-åringen ikkje har like stort hovud som meg. Heldigvis. Og ikkje minst hadde eg klart meg med eitt hespe dersom det var færre masker. Eller eg hadde droppa dusken.

  • Eg la opp 112 masker på pinnar nummer 3,0 mm og spøta vrangbord (to rette og to vrange) i fem centimeter
  • Auka 8 masker (spøt 7m, *auk 1m, spøt 14m*, gjenta ** 7 gonger, auk 1m, spøt 7m) til totalt 120 masker
  • Eg spøta 16 cm, inkludert vrangborda, før eg starta fellinga
  • Fell slik:
    • Finn ut kor lange hua skal vera og rekne ut kor mange fellingar du treng for å få passe lang hue
    • Plasser maskemarkørar i starten av omgangen og 3 stader til med like mange masker mellom. Her er det 30 masker mellom kvar
    • Spøt dei to fyrste maskene på omgangen saman og spøt til neste markør, flytt denne over på høgre pinne og spøt dei to neste maskene saman. Hald fram slik ut omgangen
    • Spøt 6 omgangar til
    • Gjenta dei to siste punkta til det er 12 masker att på pinnane
    • Dra tråden gjennom dei siste maskene og fest godt
  • Lag dusk og sy fast

Kor mange gonger eg felte:

{120} masker -{4x} fellingar ={12} masker
x={27} fellingar
Eg skulle spøta lang hue så eg måtte rekna litt på kor mange omgangar det skulle vera mellom kvar felling og eg enda opp med 6 omgangar mellom.

Totalt er hua 73 cm lang.

 

Nissehue

  • Hifa Ask, farge 6014 klar raud
  • 101 gram
  • Pinnar nr 3 og 3,5
  • Mi strikkefasthet: 22 masker på 10 cm på pinnar nummer 3,5 mm
  • Storleik: Vil vara i mange år

Oppskrift etter eige hovud inspirert av dei mange hueoppskriftene som finst

Eg kunne nok med føremon spøta hua på pinnar 2,5 mm og 3,0 mm i staden for. Då hadde ho vorte litt mindre luftig. Samstundes måtte eg hatt fleire omgangar mellom fellingane for å få like lang hue.

Endeleg: Sikksakkskjørt

Endeleg.

Det er alt for lenge sidan sist eg dreiv med sjølvskryt og no er det jammen meg på tida å skryta av meg sjølv att! Eg har ikkje lege på latsida dei siste to åra, men spøtet har vorte nedprioritert og blogginga heilt lagt på is. Sidan sist har me kjøpt hus, seld hus og flytta. Ny skule og ny barnehage. Nytt nabolag. Eg bur ikkje på Strilalandet lenger men er ein Stril i eksil. Litt spøt har det vorte, og kanskje dukkar dei opp her under tittelen «Endeleg:». I alle fall det eg er skikkeleg stolt over å laga. Kanskje ikkje det kjedelege, men viktige, barnehagespøtet som vottar og huer.

(Følgjande er skrive i februar 2016:)

Eg har spøta skjørt til meg skjølv. Kan ikkje gå rundt og vera kald på rumpa her på det (u)sentrale austlandet når det er mange og tjue minusgrader ute. Eg fekk pengar av Svigers til gjebursdagen min (i oktober) for å kjøpa garn og spøta noko til meg sjølv. Etter å ha tenkt både lenge og vel, så enda eg på skjørt. Og då starta neste ekspedisjon: Få tak i garn. Me har ein super garnbutikk i nabobygda og eg kan få både Ask frå Hifa og Raumagarn her. Ingenting slår ull frå norske sauer. Grov og tåler det meste akkurat slik sauene gjere. I alle fall skikkelege sauer.

Eg har lånt boka Klompelompe og spøta Sikksakkskjørtet til meg sjølv. Oppskrifta nyttar Drops Merino Extra Fine, det gjorde ikkje eg. Eg har ei greie for norsk ull, så då utgår dette med høge kneløft. Søramerikansk og sørafrikansk merinoull som i tillegg er superwashbehandla. Ikkje i mitt hus. Heldigvis er det enkelt å finna eit meir høveleg garn og eg landa på Rauma sitt 3-tråds strikkegarn. Same strikkefasthet og mange fine fargar.

Skjørtet er supert. Varmt og deilig og akkurat passe langt. Heilt perfekt på vinteren. Eg har spøta det lenger enn oppskrifta sa – liker å ha skjørta mine til knea. Ribben i livet kunne godt vore litt stramare. Heldigvis er det enkelt å gjera noko med.

Sikksakkskjørt

  • Rauma 3-trådsull, farge 150 sennepsgul
  • 290 gram
  • Pinnar nr 3 og 3,5
  • Mi strikkefasthet: 22 masker på 10 cm
  • Storleik: XL
  • Lengd: 61 cm
  • Livvidde (ikkje strekt): 72 cm

Sikksakkskjørt er designa av Hanne Andreassen Hjelmås & Torunn Steinsland og henta frå boka Klompelompe

Rockefeller i Canada

Medan andre laga julekaker, vaska hus og sprang frå den eine avsluttinga til den andre, så var eg i Canada. Jobb kombinert med litt ferie. Den perfekte husmorferien med andre ord.

Eg deltok på konferansen Arctic Change 2014 i Ottawa, Canada. Her presenterte eg min del av forskingsprosjektet Polarisation.

IMG_1944

Eg drakk ikkje berre vin på konferansen. Eg spøta óg.  Maiblomen skal få Villsauene på Runde av Ann Myhre/Pinneguri og dette var perfekt reise- og konferansespøt. Lange flyreiser og fleire timar på konferanse og eg vart ferdig med bolen og det eine ermet. Trøya er spøta i Rauma finull

IMG_1673

I tillegg til å vitja gamle kjente medan eg var i Canada, så måtte eg sjekka ut dei lokale garnselgjarane. Og eg kom heim med nokre fantastiske skattar. Handfarga og handspunne garn samt maskemarkørar kjøpt på Wabi-Sabi. Hadde ikkje kofferten allereie vore full, så hadde eg kjøpt med ein rokk i reiseutgåve.

IMG_1667

Det er over to år sidan eg var med på ein mysteriespøt, mystery knitalong, på Ravelry. Sjal i Stephen West sitt lett attkjennande geometriske design. Det tok to år frå eg var ferdig med sjalet til eg tok meg tid til å festa trådane. Når sjalet no var med på husmorferie til Ottawa Valley, så fekk eg endeleg teke bilete av det.
IMG_1711

IMG_1699

IMG_1697

 

Rockefeller

  • Isager Strik Spinni, Brun 60
  • Isager Strik Spinni Tweed, Raud 28S
  • Pinnar nr 3

Rockefeller er designa av Stephen West, westknits.

Haustferiespøt

Haustferien kom og både vottar og anna ulltøy vart pakka. Det regna godt då me køyrde til Herand i Jondal kommune. Og regnet haldt fram nesten heile vegen til Tostølen. Me hadde lånt hytte gjennom inatur.no, ei lita hytte på 800 moh. Turen er skildra hos Jondal Turistinformasjon og kart og gps-fil er å finna på lommekjent.no.

Etter mange timer til fots kom me endeleg fram! Tostøl ved Tostølvatnet. Etter ein dopause og nokre kjeks måtte eg retunera eit par km for å henta sekken min. Minstemann (3 år) var så sliten og orka ikkje gå lenger i regnet så han måtte på ryggen. Han har vorte for stor til å sitja på magen synte deg seg, så sekken måtte venta. Då eg kom attende til Tostøl for andre gong den kvelden var hytta varm og middagen ferdig. Heilt fantastisk!

Tostøl i Herand.

Hytta låg heilt perfekt til for fisking og rykta tilsa at det skulle vera godt med fisk i vatnet. Heldigvis hadde me ikkje satsa på at sjølvfanga fisk skulle vera ein del av middagen.

Klar for fisketur

Yngstemann hadde ikkje heilt tolmodet til å fiska. Og eg forstår han så godt. Det er KJEDELEG å fiska. Kjempekjedeleg. Derimot klarte han å fanga ei mamma.

Eg har fanga ein mamma!

Eg prøvde å sløva mest mogleg  inne. Kvalitetssløving med spøt. Eg hadde med Silkegenser frå Strikk meir til nøstebarn til Storebror. Fin ferie og nesten ferdig med bolen den tida med var på hytta.

Haustferiespøtet

Det synte seg at det var noko feil med lengda på turen. Det står oppgjeve at han er 4,8 km. Men både GPSen og runkeeper påstår at turen er 5.5 km lang. Storebror såg me knapt nok, kun ved start matpause og ved bilen att. Treåringen gjekk heile vegen sjølv.

På veg frå Tostøl til Våhaug kor bilen sto parkert

Før me reiste, så hadde eg spøta vottar og halsar til dei. Fiskarhalsar frå Strikk meir til nøstebarn. Eg tenkte dei ville vera perfekt å ha under hetta dersom det regna.

Fiskarhals2a
Fiskarhals1a
Fiskarhals 1 og 2

 

Fiskarhals

  • Fiskarhals, storleik vaksen: 54 g Kauni effektgarn spøta på pinnar 4,0 mm
  • Fiskarhals, storleik born: 51 g Askeladen 3-tråds merinoull spøta på pinnar 4,0 mm

Oppskrifta på Fiskarhals er henta frå Strikk meir til nøstebarn av Kathrine Gregersen.

 

 

Steget over dørstokken = heftig vottespøt!

Dørstokkmila er lang her i heimen. For ikkje å snakka om at dørstokken i seg sjølv er ganske høg. Me har snakka om at me har lyst å gå meir i fjellet men det er vanskeleg å omsetja ord i handling. Så då Mannen på impuls reserverer ei hytte på Folgefonnshalvøya til haustferien, må eg til pers. Sidan eg faktisk er i løna arbeid så må kvart einaste ledige minutt av dagen nyttast. Til å spøta vottar. I fleirtal.

Eg spøta på bussen. Heime. På foreldremøter. Til og med då me åt føremiddagsmat på jobb, hadde eg med spøtet mitt. Eg vart ferdig og me hadde alle med vottar på fjellet. Dei klassiske vottane til Storebror og megsjølv er enkle og raske å spøta. Vottane til Maiblomen var det verre med. Det tok meg ein heil kveld før eg fann ut korleis eg kunne spøta patent på rundpinne (eller med fem pinnar som eg gjorde). Oppskrifta påstod eg skulle spøta fram og attende og sy saman etterpå. Eg gjorde eit forsøk og fekk det ikkje til. Iherdig googling gjorde at eg fekk hjelp. Og det var jo til og med enkelt 1. Eg gjekk ikkje så godt overeins med garn, pinnar og strikkefasthet. Ikkje denne denne gongen heller. Så eg måtte verkeleg triksa med kor mange maskar eg skulle leggja opp og kor mange omgongar eg skulle spøta for å få vottar som var passe store. Eg er veldig nøgd med at dei har eit langt brot som er lett å trekka oppå utekleda. Eg er ikkje fullt så nøgd med avsluttinga på vottane. Dei er felt i ein spiss. Eg forkorta han noko men ser at eg må rundfella vottane dersom eg skal spøta dei att seinare.

Vottar

Vottar

Vottefakta

  • Klassiske i storleik 8-10 år: 37 g Ask frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Spøta på pinnar nr 4,0 mm.
  • Klassiske i storleik 8-10 år: 29 g Kauni 8/2. Spøta på pinnar nr 4,0 mm.
  • Klassiske i medium dame: 34 gram Kauni 8/2. Spøta på pinnar nr 4,0 mm.
  • Bjalla i storleik 4 år: 53 gram Léttlopi frå Istex. Spøta på pinnar nr 3,5 og 4,5.

Dei klassiske vottane er ei gratisoppskrift. Ravelry og Free Vintage knitting.
Bjalla er henta frå den danske utgåva av boka Islandsk strikk av Oddný S. Jónsdóttir.


  1. eg tek sjølvkritikk for ikkje å ha teke vare på lenka som forklarte dette så fint