Julegåvespøt: Sitkagranhue

Julegåvespøt! Sjølv om eg er glad i ull og spøt, så er det sjeldan eg gjev vekk heimespøta gåver. Eg må vera heilt 100% sikker på at det er noko mottakar ynskjer og vil bruka. Å spøta skuffefyll er ikkje så veldig oppløftande og då kjøper eg heller gåver. Eg har ei svigerinne som såg … Les meir »

Kjære Tansy, Aster og Pansy

Kjære Tansy, Aster og Pansy! Tusen, tusen takk for garnet som har blitt laga av ulla dykkar. No har ulla dykkar blitt til ei varm hue og varme vottar her på Austlandet. Heilt perfekt når det er snø og kaldt. Tansy, Aster og Pansy er sauer av rasen romney og bur på ein universitetsgard i … Les meir »

Endeleg: Harry the Sailor Boy – aka Matrostrøye

Frå 2012 då yngstemann var eitt år gamal. — Boka «Vintage Baby Knits» av Kristen Rengren har mange oppskrifter til små gutar og jenter. Otto’en var henta frå denne boka og no har eg spøta Harry’en til Maiblomen.  Harry Sailor Sweater  i matrosstil går tilbake til 1946 då  militærstilen til smågutar var populær. Matrostrøyer ser … Les meir »

Endeleg: Sikksakkskjørt

Endeleg. Det er alt for lenge sidan sist eg dreiv med sjølvskryt og no er det jammen meg på tida å skryta av meg sjølv att! Eg har ikkje lege på latsida dei siste to åra, men spøtet har vorte nedprioritert og blogginga heilt lagt på is. Sidan sist har me kjøpt hus, seld hus … Les meir »

Rockefeller i Canada

Medan andre laga julekaker, vaska hus og sprang frå den eine avsluttinga til den andre, så var eg i Canada. Jobb kombinert med litt ferie. Den perfekte husmorferien med andre ord. Eg deltok på konferansen Arctic Change 2014 i Ottawa, Canada. Her presenterte eg min del av forskingsprosjektet Polarisation. Eg drakk ikkje berre vin på konferansen. Eg … Les meir »

Haustferiespøt

Haustferien kom og både vottar og anna ulltøy vart pakka. Det regna godt då me køyrde til Herand i Jondal kommune. Og regnet haldt fram nesten heile vegen til Tostølen. Me hadde lånt hytte gjennom inatur.no, ei lita hytte på 800 moh. Turen er skildra hos Jondal Turistinformasjon og kart og gps-fil er å finna på lommekjent.no. Etter mange … Les meir »

Steget over dørstokken = heftig vottespøt!

Dørstokkmila er lang her i heimen. For ikkje å snakka om at dørstokken i seg sjølv er ganske høg. Me har snakka om at me har lyst å gå meir i fjellet men det er vanskeleg å omsetja ord i handling. Så då Mannen på impuls reserverer ei hytte på Folgefonnshalvøya til haustferien, må eg til pers. … Les meir »